00 — Pilotfase 2026 · søker partnararDigital sveiseassistent

Sveisdeggod.

Digital sveiseassistent for lærlingar, faglærarar og verkstader. ArcPilot samlar sveiseparametrar, prosedyrar, sjekklister, notat, læringsløp og fagleg AI-rettleiing i eitt praktisk verktøy. Tryggare start på kvar sveis.

Stillingar du trenar (ISO 6947)
  • PA · flat
  • PB · horisontal-vertikal
  • PC · horisontal
  • PF · stigande
  • PG · fallande
Fire prosessarRull ned
01 — Kvifor

Sveising blir ikkje lært av å lese. Det blir lært av repetisjon, retting og eit blikk over skuldra.

Mange lærlingar og elevar synest det er vanskeleg å vite kvar dei skal starte. Prosedyrar og sjekklister finst, men blir sjeldan brukte aktivt i kvardagen. Faglærarar må gjenta den same rettleiinga, og bedrifter treng meir struktur i opplæring og kvalitet.

Problemet
  1. 01Mange synest det er vanskeleg å vite kvar ein skal starte.
  2. 02Prosedyrar og sjekklister blir ikkje brukte aktivt i kvardagen.
  3. 03Lærlingar dokumenterer for lite av eiga læring.
  4. 04Faglærarar må gjenta den same rettleiinga om att og om att.
  5. 05Bedrifter treng meir struktur i opplæring og kvalitet.
Løysinga

ArcPilot gjer sveiseopplæring meir strukturert, tilgjengeleg og praktisk.

Verktøyet gir eit enkelt utgangspunkt for parametrar, prosedyrar, sjekklister og eigne notat — samtidig som AI-mentoren Magnar kan forklare faglege tema på ein lett forståeleg måte.

Kort kvar dag

Leksjonar på nokre minutt som passar mellom to arbeidsoppgåver — ikkje ein times førelesing.

Rett frå verkstaden

Oppgåvene brukar verkelege parameterar, elektrodar, gassar og symbol — slik dei står i standardane.

Du ser framgangen

Leksjonar du fullfører og quizar du tek, blir lagra på kontoen din. Du ser kva du faktisk sit att med.

02 — Funksjonar

Alt du treng —
samla på éin plass.

Bygd for kvardagen i verkstad og klasserom. Designa for å vere raskt å bruke med hanskar på, både på mobil og laptop.

I tillegg: læringsløp per prosess og utkast til WPS. Funksjonane krev gratis konto.

03 — Prosessar

Fire bogar.
Eitt spor.

Kvar prosess har sitt eige løp med teori, symbolforståing og parameteroppgåver. Du vel sjølv kvar du startar.

Emne som går att i alle løpa
04 — Slik lærer du

Tre steg,
om att og om att.

Sløyfa som faktisk gjev framgang

Les kort

Éi side med det du treng: kva prosessen gjer, kva som går gale, og kva symbolet tyder på teikninga.

Korte leksjonar

Svar og få retting

Kvart kapittel har ei prøve med fleirval, sant/usant og innfylling. Svaret blir retta med ein gong, og Magnar forklarer kvifor.

Retting på kvart svar

Kom att

Ta prøva på nytt når du vil. Siste resultat blir lagra på kontoen, så du ser om du har tetta hola.

Ta prøva så ofte du vil
05 — For kven

Bygd for dei som lærer, underviser og jobbar med sveising.

  1. 01
    Vidaregåande skular

    Eit praktisk støtteverktøy for elevar som skal forstå parametrar, følgje sjekklister og dokumentere eiga utvikling.

  2. 02
    Opplæringskontor

    Støtte for lærlingar og instruktørar på tvers av medlemsbedrifter, med meir strukturert opplæring og fagleg oppfølging.

  3. 03
    Verkstader og industri

    Raskare tilgang til fagleg støtte, standardiserte sjekklister og betre dokumentasjon.

06 — I lomma

Verkstaden
i mobilen.

Same løp på telefon og i nettlesar. Du kan ta ei leksjon i pausen og halde fram på skulen utan å miste framgangen.

  • Fungerer på mobil
    Same innhald på telefon og i nettlesar. Appen kan leggjast på heimskjermen (PWA).
  • Framgangen følgjer kontoen
    Fullførte leksjonar og prøveresultat blir lagra, så du kan halde fram der du slapp — på ein annan skjerm.
  • Magnar følgjer med
    Læraren i appen kommenterer svara dine med språket du høyrer i verkstaden.
Magnar
07 — Læraren din
«Du treng ikkje vere redd for å brenne hol. Du treng berre vite kvifor det skjedde.»

Magnar er figuren som rettar deg i ArcPilot. Han forklarer kvifor eit svar er rett eller feil, og minner deg om det som faktisk tel i verkstaden. Du kan også spørje han direkte i chatten.

Snakk med MagnarOpnar chatten · krev innlogging
08 — Pilotprogram

Vi søker
pilotpartnarar.

ArcPilot er no i pilotfase. Vi søker skular, opplæringskontor og verkstader som ønskjer å teste verktøyet i praksis og vere med å forme vidare utvikling.

Ein pilot kan inkludere
  1. 01Tilgang for ei utvald gruppe
  2. 02Kort onboarding og demo
  3. 03Testing i reell undervisning eller verkstad
  4. 04Tilbakemeldingsmøte undervegs
  5. 05Moglegheit til å påverke vidare utvikling
  6. 06Pilotrapport eller evaluering ved behov
Bakgrunn

Bygd av ein sveisar — for sveising i praksis.

ArcPilot er utvikla av Andreas Ommedal Aa, som har jobba i industrien sidan han var 16 år og er industrimekanikar og sveisar. I 2026/2027 representerer han Noreg som landslagsutøvar i sveisefaget.

Fagleg støtte — ikkje erstatning for fagleg ansvar

ArcPilot gir rettleiande startverdiar og fagleg støtte. Verktøyet erstattar ikkje faglærar, sertifiserte sveiseprosedyrar, WPS, krava til arbeidsgivaren eller den faglege vurderinga til brukaren.

09 — Start

Tenn bogen.
I dag.

Vil du teste ArcPilot? Lag konto og ta den første leksjonen med ein gong — eller ta kontakt for demo, pilot eller samarbeid.

Gratis å prøve · ingen kortinformasjon · aommedalaa@gmail.com